fredag 6. august 2010

Sanningi

Diktet Sanningi finner vi i samlinga Dropar i austavind fra 1966
av Olav H. Hauge

Sanningi er ein skygg fugl,
ein fugl Rokk som
ferdast utanum tidi,
stundom fyre,
stundom etter.
Sume segjer ho
ikkje er til,
dei som har set henne,
tegjer.
Eg har aldri tenkt meg sanningi
som ein husfugl,
men um ho so vore,
kan du godt strjuka henne med fjøri
og ikkje jaga henne upp i ei krå
til ho snur ugleaugo og klør imot deg.
Andre held sanningi for
ei kald knivsegg,
ho er både
yin og yang,
ormen i graset,
og fuglekongen som lettar frå ørni
når hu trur seg høgst.
Eg har òg set
sanningi daud:
augo stod som på ein klaka hare.

Ingen kommentarer: