torsdag 28. januar 2010

Det er den draumen

Olav H. Hauge

Det er den draumen me ber på
at noko vedunderleg skal skje,
at det må skje -
at tidi skal opna seg,
at hjarta skal opna seg,
at dører skal opna seg,
at berget skal opna seg,
at kjeldor skal springa -
at draumen skal opna seg,
at me ei morgonstund skal glida inn
på ein våg me ikkje har visst um.


Kilde: ”Diktboka” av Per O. Kaldestad og Hanne Knutsen

Ingen kommentarer: