tirsdag 3. mars 2009

Gartnaren rettleider

Til Siv Jensen i hennes strev med å rydde i "Hagen".

Hagen min lærer meg -
dette vesle riket av bed og rabattar
at endåtil den edle rosa frå Milet
som veks for sterkt, treng skjering,
skal ho trivast. Ho lyt óg finna seg i
at kål og løk og alle slag grønsaker
av lægre avstamming, men heller nyttige,
fær vatn ved sida av.
Hagen vilde forkomast, tenkte ein
berre på den kongelege rosa.

Bertolt Brecht
Gjendikta av Olav H. Hauge

Ingen kommentarer: