søndag 15. mars 2009

SNØFALL UM KVELDEN

I
Graset er halvt dekt av snø.
Det var eit slikt snøfall som kjem ut på ettermiddagen,
og no myrknar dei små husi i graset.

II
Um eg strekte hendene ned, nedåt jordi,
kunde eg få hendene fulle av myrker!
Det var alltid eit myrker der, som me aldri merka.

III
Med snøen legg til, kverv maisstylkene meir og meir
undan,
og løa flytter seg nærare mot huset.
Løa kjem heilt åleine i den aukande stormen.

IV
Løa er full av mais, og kjem mot oss no,
som eit skrov blåse mot oss i ein storm på sjøen.
Alle sjøfolki på dekk har vore blinde i mange år.

Av Robert Bly
Gjendikta av Olav H. Hauge

Ingen kommentarer: